Strand Fjordhotel
Strand Fjordhotel ligg idyllisk til tett inntil fjorden i feriestaden Ulvik i
Hardanger. Hotellet har eit avslappa og heimekosleg miljø, med store og komfortable rom, dei
fleste med fjordutsikt og mange av dei med balkong. Nokre av romma ligg så nær fjorden at ein nærast kan fiska frå balkongen. Utanfor restauranten finn du våre store terasse, der forfriskningar kan nytast til
nydeleg utsikt over fjorden og fjella. På hotellet finn du ellers tv-stove, gode salongar, badstove og biljardbord.
-
Hardanger Basecamp i Osa
Noke å anbefale er å ta seg ein utflukt til Hardanger Base Camp som held til i bygdegrenda Osa, 1 mil frå Ulvik. Her kan de blandt anna få delta på ei quiz-løype som tar seg inn i tunellar i fjellet og ut i det vakre naturlandskapet i Osa.
Les meir
-
Hardangerfjorden med Lady Anne!
Hardangerfjorden er ein av verdas vakraste fjorder. Den snor seg innover mellom stupbratte fjell, grøne åser og velpleid kulturlandskap. Med M/S Lady Anne får du oppleve dette praktfulle fjordlandskapet frå orkesterplass.
Les meir
-
Hardanger Saft & Siderfabrikk
Saft- og siderproduksjon har lange tradisjonar i Hardanger. Eit besøk på Hardanger Saft og Siderfabrikk gjer eit innblikk i moderne produksjonsmåtar. Eigaren fortel om prosessen, og gjer gjestane ein omvisning i fabrikken. Smaksprøvar.
Les meir




