Idylliske Ulvik

Med vår flotte plassering i rolege og idylliske Ulvik i Hardanger passar hotellet ypperleg til weekendopphold, jubileumsfeiring, bryllaup, feriar samt kurs og konferanser. Me har eit koseleg miljø,og stor terrasse med unik utsikt. Flott badebasseng, sauna og ein koseleg hage.

Våre gjester er velkomen til å nytte fasilitetane til Brakanes Hotel:

Uteplassen til Brakanes Hotel:

Hotellet ligg nydeleg plassert heilt nede i fjordkanten. Her kan ein fiska ifrå kaien eller ta seg ein liten dukkert i fjorden på den fine sandstranda. Me har ein nydeleg hotellhage kor me serverer alt ein kan tenka seg, frå enkle små rettar til full middag. Er ynskje å vera aktiv er det blant anna robåtar, kajakker og trøbåtar til disposisjon, og ved sida av hotellet er det tennisbane.

Restauranten på Brakanes:

Me har ein nydelig restaurant kor ein kan ha ei hyggeleg stund og nyte god mat frå vårt kjente kjøkken.

Salonger og Bar

Me har fleire salongar som byr til sosiale samankomstar i ein avslappande atmosfære og ein triveleg bar som og høver godt for å treffast. I nattklubben vår Sara & Marta kan du svinga deg til levande musikk.

Leike rom

Borna kan boltra seg i fri dressur i vårt leikerom heile dagen, medan dei vaksne kan sitja ned og slappa av samtidig som dei har full oversikt over borna.

Treningsrommet

Fitnessrom med badebasseng, sauna, steambad, og solarium.

Aromaterapi

Doktergarden Aromaterapi tilbyr gode behandlingar. Ein liten rusletur frå hotellet finn du idylliske Doktergarden. Dei kan kontaktes på telefon 907 67 098.

  • Hardanger Basecamp i Osa

    Hardanger Basecamp i Osa

    Noke å anbefale er å ta seg ein utflukt til Hardanger Base Camp som held til i bygdegrenda Osa, 1 mil frå Ulvik. Her kan de blandt anna få delta på ei quiz-løype som tar seg inn i tunellar i fjellet og ut i det vakre naturlandskapet i Osa.

    Les meirarrow
  • Hardangerfjorden med Lady Anne!

    Hardangerfjorden med Lady Anne!

    Hardangerfjorden er ein av verdas vakraste fjorder. Den snor seg innover mellom stupbratte fjell, grøne åser og velpleid kulturlandskap. Med M/S Lady Anne får du oppleve dette praktfulle fjordlandskapet frå orkesterplass.

    Les meirarrow
  • Hardanger Saft & Siderfabrikk

    Hardanger Saft & Siderfabrikk

    Saft- og siderproduksjon har lange tradisjonar i Hardanger. Eit besøk på Hardanger Saft og Siderfabrikk gjer eit innblikk i moderne produksjonsmåtar. Eigaren fortel om prosessen, og gjer gjestane ein omvisning i fabrikken. Smaksprøvar.

    Les meirarrow
Brakanes Group